Rørsleklang, viljekraft, blikkbonde

Nyhendingar

Forrige laurdag kunne me feira frigjeringen av Syria. Overkastingen av Assad regimet og hans skrekkvelde. Fangar blir frigjorte, det syriske folk kunne igjen tala fritt.

Tankane går til Kurdistan røyndslå Women Life Freedom. Moralitetspolitiet som hadde undertrykt folket blei pressa att av ein trong for fridom.

Det er hendingar som dette som blussar opp draumen om lækjing og frigjering.

Uendringar

Den altomfattandes maskinen trenger fleire barn, fleire arbeidarar, fleire arbeidaplassar, meir verdiskapning, meir innvestering, meir mat, meir effektivisering, meir engasjement, betre teknologi, raskare bilar, fleire hus og hyttar...

alltid

Det er maskinen som er svolten, ikkje folket.

Langaren Noreg

Noreg langer ut oljå til dei som er mest avhengig av det. Akkurat som ein langar av heroin. Det er ingen som seier at me trong heroin, sjølv om folk nytter det. Likevel seier me at me trong oljå.

Det er fleire grunnar til at me kjøper oljå, men særleg er det på grunn av eit skapt press gjennom maktens blikkbøndar.

Å gje sin viljekraft

Det å gje bort sin viljekraft i eit tidsrom er ikkje noko dumt. Det sørgjer for at ein organisering kan sikra at dei har deg tilgjengeleg i visse tidsrom.

Til dømes kan ein gje sin viljekraft for å styrka byggnadar for allmenn mattryggleik. Eller for å byggja heim til dei heimlause. Eller å laga allmenn internett byggnadar.

Men samtykke må vera med i biletet.

Det er ikkje samtykke om du blir truga med å mista din heim, rett til sunn mat eller rett til å delta i samfunnet.

Bloming

Når eg driver med sjonglering, kan eg kjenna at nokre samordningar av rørslar har god klang. Disse rørslane har eg ofte funne gjennom feil. Kanskje at ein ball blei kasta litt merkeleg og at eg måtte henta meg inn igjen.

Samkoplingen av rørsleklangar dyrker fram ein blomingsglede eg ikkje har kjent i andre formar. Det gjer meg stolt, glad og lidenskapeleg.

måtte alle få kjenna på blomings gleden <3

Hekla sjongleringsball?

Ein video som viser korleis me lett kan hekla våre eigne sjongleringsballar.

https://diode.zone/w/1HAJHytJ31EabtmsZTG4CV

Ukens innrammingar og omrammingar

Ei ramma er utsyn med omsyn til ein utpekt tanke. Til dømes er maktrammen å sjå frå maktens utsyn. Eller sosialismerammen er å sjå frå sosialismens utsyn. Eller maurrammen er å sjå frå maurens utsyn, kva ynkjer mauren?

Ei innramming er å støypa ei ramma inn i eit ord. Til dømes er blomt ein innramming som tyder at noko er veldig uttrykksfullt.

Ei omramming er å byta ut ei ramma med ei anna, av utpekte grunnar. Ei omramming er typisk å byta ut ord, som til dømes frå rik til blom (god ladning) og gripig (vond ladning). Eller frå innvestering til tilgriping (vond ladning) og vatning (god ladning).

Eit preg er korleis eit mønster er prega. Eit blåklokkepreg er korleis blåklokkane er del av mønsteret. Eit eikepreg er korleis eiketrær er del av mønsteret.

Eit kampmerke er eit merke som er laga for å samordna oss rundt ei røyndsla. Tenk regnbogeflaget, samhalds teiknet, feminisme teiknet, Noregs flag.

Å synstyra er å styra blikk med mål om å endra haldningar. Til dømes synstyrer eg i eikerammens namn. Ein kan synstyra for eit kampmerke.

Ein blikkbonde er noko som hauster blikk. Særleg reklame, skilt som nyttes av aktivistar og filmar.

Omramming

Omramming av handling til tak som i å gjera noko.

Denne omrammingen sørgjer for å skapa meir lydkraft. Det er akkurat som korleis innrammingen “læk” er kraftigare enn “leg”. På denne måten kan me laga kraftigare slagord.

Etterord

Denne teksten er melta frå innlegg frå min brukar på fribygda. Dette er første vekå eg har prøvd meg på denne typen innlegg og det kjennes ut som ein meiningsfylt måte å laga innlegg på.