Mønsterblom, oppanding, unnskyld

Denne vekå har vært roleg. Eg har fått skrevet nokre tankar, lest litt og tatt det med ro. Eg held frameis på å lesa på Ringdrotten. Det er ein gysla kjekk bok. God nynorsk og gjer mykje oppanding for ordtukleri.

Samstundes har eg handla inn gåvar. Blei mest bøkar i år. Veldig fint, siden eg kan vera med på å oppanda til leselyst og nyfikendom. Særleg er det spennandes å kunna planta tankar for lækjing.

Nyhendingar

Peertube har fått mobilapp

Peertube er eit vegval for video deling på nett. Den har vært tilgjengeleg siden 2018. Grunnen til at du skulle bry deg om peertube er fordi den har eit fokus på å spreie makt i form av å gje mogleiken til å setja opp sine eigne video delings nettsidar.

No er peertube tilgjengeleg som app. Dette vil sørgja for å gje ein betre oppleving for peertube på mobil.

Frå før av fantes tredjeparts appar som newpipe, men det føles ikkje heilt skreddersydd. Denne appen kan vera med på å gjera opplevingen litt betre. Appen er framleis under utvikling og har berre grunnleggjandes funksjonar.

https://joinpeertube.org/news/release-7.0

Tankestraum

Språk og læring

Vaksne apråk saktare enn barn og grunnen til dette er fordi barn får kjekke songar, engasjerandes aktivitetar og mange vaksne som oppmuntrer barnet til å bruka språket sitt.

Me vaksne får på den andre sidå tørre tekstbøkar om gramatikk og gloselistar.

Og ikkje minst, så er det berre barn som har lov til å tulla.

Freistandes bøkar

Då eg var på biblioteket den eine dagen fann eg nokre bøkar som freista. Med anna:

. Nordahl Grieg diktsamlingar

. Gaia uhyre

. Inger Hagerup diktsamlingar

. Skogen – om trær, folk og 25 000 andre arter

Bernie Sanders som ein oppandar

Dei som kjenner meg, veit at eg nytter anarkist rammen. Difor kan det koma som ein overrasking at Sanders er ein av mine oppandarar.

For Sanders er ein demokratisk sosialist, han taler for eit amerikansk regime som sørgjer for folket sitt. Eg på den andre siden trur ikkje på regimar, fordi dei har for mykje makt, og at denne makten ikkje kan styras til våres vonar. Men nok om det for denne gongen, og attende til den raude tråden...

For Sanders fekk meg interessert i samfunnet. Han viste at samhald, tydeleg språk og andelegdom var ein god åtfaring. Å velga samhald i kvar sving, å alltid velga menn over makt. Å alltid leita etter lækjingar.

Viss det er ein ting me skal læra av Sanders, så er det at samhald, tydeleg språk og kompromisslaus politikk er god politikk. Me kan få det beste frå alle verdenar. Men då må me gje opp dyrking av grep og makt.

Eg var oppanda i forhold til kor andeleg han gjekk fram, kor framoverlent han var og hans evne til å draumleggja for framtidå. Korleis han har anda framtidstru.

Sanders var aktivist på 60-talet for borgarrettar. Han lot seg lenka fast og drog i protestar. Han har alltid talt barmhjertig for sine medmenn, uansett kor tabu det skulle vera i samtiden.

Gjerne han ikkje er har vald den “rette” vegen, men om me berre skal la oss oppanda av folk som er i vår eiga boble, så kjem samfunnet vårt aldri til å bli samkopla.

Omrammingar og innrammingar

Mønsterblom

At noko er mønsterblomt vil seie at det er eit mønster med mange ulike og særeigne preg.

Mønstervissent vil seie at det er eit mønster med lite ulike og særeigne preg.

Å seie unnskyld

Å seia unnskyld er som å spør om du kan fråskriva din skuld. Korleis skal det liksom hjelpa?

For tenk, fører ikkje dette blikket mot den skuldige heller enn mot ein lækjing? Å peika ut alle skuldige betyr ikkje at roen kjem att.

Heller burde me føra blikket mot uro lækjing.

Å gje ein klem lækjer uroen mykje betre enn eit halvhjarta unnskyld. Dette er fordi ein klem gjer varme til den skadde og erkjenner deira skade. Ein trenger ikkje ein gong å vera skuldig for å gje ein klem.

Sluttord

med lækjing

Vegafjord