Læk Jord
“Læk Jord” er ein synstyrekamp med nokre språklege mål. Å få ordklossen lækja inn i det norske språket, og å tindeleggjera korleis me snakker om vår planet med å bruka namnet Jord.
https://ordbokene.no/nob/bm,nn/l%C3%A6kja
Desse tankane er tatt frå tankegodset lækjelære.
Kva vinner me på denne kampen?
Idag snakker me om å løysa klimakrisen. At klimakrisen er eit problem. Me snakker om at plast er eit problem og løysningen er kjeldesortering. At Oppdrettslaks som rømmer er eit problem og at oppdrettslaks på sprengde øyar er løysningen.
Løysning/ problem framstillingen er ein ufrisk framstilling fordi det seier at ingeniøren skal leia oss inn i framtiden. Men idag er Jord sjuk, og det er ikkje lengre ingeniøren som har svaret. Brogar har blitt slakta, gift har blitt sprøyta, himmelen har blitt tukla med.
Tiden er inne for å lækja. Ikkje berre Jord, men oss sjølv. I jaget etter godar og velstand, har me mista oss sjølv. Sjelen har blitt holdt nede. Vår kopling til kvarandre, medtindar og vår sjel har fått stadig mindre merksemd. Me må lækja, ikkje berre Jord, men vår kopling til altet.
Så bruk lækjing/ tilstand i staden for løysning/ problem.
Å få inn lækja som ein ordklosse vil óg sørgja for at me kan byggja nye ord. Når ein plante er sjuk, kan me snakka om kva som er lækjingen. Lækt kan væra eit komplement. Ein lækjig bok er er ein bok som oppfordrer til lækjing.
Men kvifor ikkje bruka ordet å lega, eller friskgjera?
Fordi med å bruka eit meir ukjent ord, kan me vekta ordet med den tydingen me ynkjer i mykje større grad. Det er me som tek styringa over ordet.
Kvifor seia Jord, og ikkje jorden?
Å seia jorden er ein måte å utindeleggjera Jord på. Dette sørgjer for at me ikkje kjenner på ansvaret om å passa på Jord. For Jord er ikkje eit dødt objekt, men ein levandes planet.
Men skaper ikkje denne språkbruken uklardom? Ynkjer me ikkje at det me seier skal væra oppfatteleg?
Vårt ordtilfang er våre haldningar. Når me ser eit ord som skaper dårlege haldningar, må me ikkje væra redd for å peika det ut og gjera det som skal til for å byta det med eir friskt ord. Å halda på sjuke ord legger til rette for sjuke haldningar og ein sjuk verd.
Korleis bli med?
Finn fram kritt, tusj eller noko anna som du kan teikna med og skriv på eit sted som ikkje er privateigd, gjerne kommunal eigd. Her er nokre plassar eg har teikna.